Den eine venninna vår kom heim frå eit lengre utanlandsopphald. Ein annan kamerat flytter til hovudstaden på laurdag. To andre venninner har me ikkje sett på lenge. Og sidan me alle (eller - helst dei andre eigentleg) er travle menneske, so vart det tysdag det passa best å møtast.
Aller fyrst vil eg skriva litt om å vere vertinne, slik som vertinnebloggane skriv om det. Du veit, desse bloggane som tar nær- og oversiktsbilete av kor fint dei har pynta heile huset generelt og bordet spesielt? Eg gjorde det slik medan kaka stod i ovnen: heiv ein haug med klede inn i klesskapet, støvsugde litt overfladisk - og pynta haugen med kassar og posar me ikkje har fått flytta inn endå med eit pledd og nokre figurar og kassettar. Kjempefint. Veldig stilig.
Me fekk innflytningspresang av S&E når dei kom!
Og det var superfine hjortalys:
Fyrst var det eit vaksent og ryddig kakeselskap. Eg serverte deilig kaka med blåbæra me plukka i helga. Kaka heiter Blueberry Boy Bait, og på Smitten Kitchen kan du også lesa den sjarmerande historia bak det fengande namnet. MEN - for at det ikkje skal vera noko tvil: Denne kaka har meir å skilta med enn eit festleg namn. Den var søt og saftig og fyldig (noko anna ville jo og vore kritisk, med dei mengdene sukker og smør...NAM, sukker og smør!), og hadde ein vidunderleg blåbærsk aroma.